Maal og Minne (Nov 2023)

Lesing av artiklar i Store norske leksikon: Ein komparativ studie av lesarane sin bruk av og haldningar til artiklar som er publiserte på høvesvis bokmål og nynorsk

  • Stig J. Helset,
  • Trude Bukve

DOI
https://doi.org/10.52145/mom.v115i2.2215
Journal volume & issue
Vol. 115, no. 2

Abstract

Read online

I denne studien har vi freista å kartlegge i kva grad skriftspråket i publiserte tekstar kan påverke lesinga av tekstane, og å undersøke i kva grad lesarar har ulike implisitte og eksplisitte haldningar til tekstar på bokmål og nynorsk. Det første søkte vi svar på ved å innhente tal for sidevisningar og lesetider av artiklar som har blitt omsette frå bokmål til nynorsk i Store norske leksikon (SNL) dei seinare åra. Det andre søkte vi svar på gjennom ei kvantitativ spørjegransking retta mot lesarar av 40 utvalde artiklar på bokmål og nynorsk i SNL. Den første delstudien synte at brukarane av SNL vel å lese artiklar som dei er interesserte i, uavhengig av om artikkelen er publisert på bokmål eller på nynorsk. Resultat frå spørjegranskinga synte derimot at medan det var få skilnader i implisitte haldningar til dei to skriftspråka, er skilnadene større, og i favør av bokmål, når deltakarane fekk spørsmål som direkte tematiserte dei to skriftspråka.