Uniped (Mar 2023)

Studentar sitt syn på kvalitet i barnehagelærarutdanninga

  • Solveig Marie Borgund

DOI
https://doi.org/10.18261/uniped.46.1.5
Journal volume & issue
Vol. 46, no. 1
pp. 43 – 54

Abstract

Read online

I 2012 blei norsk barnehagelærarutdanning reformert. Fokuset i policyprosessen var å skape ei modernisert utdanning av høg fagleg kvalitet.Ein viktig del av norsk høgare utdanning omfattar studentane sine tilbakemeldingar. Dei seinare åra har Studiebarometeret blitt sentral for evaluering og vurdering av høgare utdanning.I denne artikkelen er føremålet å sjå på korleis barnehagelærarstudentar oppfattar og fortolkar kvalitet i si eiga utdanning. Datamaterialet består av kvalitative intervju med 14 studentar frå 5 ulike campus. Utvalet er strategisk i form av at det kan representere mangfaldet av institusjonar som tilbyr barnehagelærarutdanning i Noreg.Materialet har blitt analysert og kategorisert inn i fem ulike former for kvalitet: kvalitet som det eksepsjonelle, kvalitet som perfeksjon, kvalitet som tilpassing til føremål, kvalitet som valuta for pengane og til sist kvalitet som transformasjon.Funna syner at studentane sin definisjon av kvalitet først og fremst høver inn i kategoriane kvalitet som perfeksjon, kvalitet som tilpassing til føremål og kvalitet som transformasjon. Sentrale faktorar for kvalitet er ifølgje studentane knytt opp til struktur, motivasjon og relevans.

Keywords