Norsk Lingvistisk Tidsskrift (Apr 2018)

Endre Brunstad, Ann-Kristin Helland Gujord og Edit Bugge (red.). Rom for språk: Nye innsikter i språkleg mangfald.

  • Pernille Hansen

Journal volume & issue
Vol. 36, no. 1

Abstract

Read online

Boka Rom for språk med undertittelen Nye innsikter i språkleg mangfald er ei artikkelsamling som tek for seg språkleg mangfald i eit internasjonalt perspek-tiv, og særleg tilhøva for mindretalsspråk og mindretalsspråkbrukarar i nordiske land. Ho har sin bakgrunn i konferansen Rom for språk, Universitetet i Bergen si hovudmarkering av Språkåret 2013 og 200-årsjubileet til Ivar Aasen. Med konferansen ville initiativtakarane «utnytta Aasen-jubileet til å gå inn i språk-politiske utfordringar ikkje berre for nynorsken, men for vilkår til mindretals-språk meir allment» (s. 5). I tillegg til eit introduksjonskapittel frå to av redaktørane, Brunstad og Gujord, inneheld boka tekster frå 12 av bidragsytarane på konferansen. Eit av bidraga (Bialystok) er ei nynorsk omsetjing av ein en-gelskspråkleg artikkel, mens dei andre tekstane er skrivne på nynorsk, bokmål, svensk eller dansk, og ikkje publiserte andre stader. Med unntak av introduk-sjonskapitlet startar alle tekstane med eit samandrag, og boka avsluttar med en-gelske omsetjingar av desse samandraga, samt ein kort presentasjon av forfattarane.