Målbryting (Jan 2020)
Språkpraksisar i randsona
Abstract
Artikkelen analyserer munnlege og skriftlege språkpraksisar hos ein norsk femtenåring i lys av aktuelle teoriar knytt til kodeveksling, språkskifte og transspråking. Primærmaterialet er skuletekstar på nynorsk og bokmål, samla inn i samarbeid med Normprosjektet (2012–2016) i perioden informanten var elev frå sjette til tiande trinn. I tillegg er det gjennomført eit sosiolingvistisk forskingsintervju og henta inn private tekstmeldingar. Informanten vekslar mellom dialektnær og standardnær skriving i tekstmeldingane. Ho har tidlegare vore bidialektal, men held seg no til ein dialekt. Ho hadde nynorsk som opplæringsmål på barnetrinnet, men skifta til bokmål ved inngangen til ungdomsskulen. Artikkelen drøftar om dei ulike språkpraksisane kan sjåast som symptom på språkskifte, eller som teikn på transspråkleg skrivekompetanse. I konklusjonen blir det argumentert for at kjennskap til og veksling mellom ulike skriftspråklege varietetar bør sjåast i eit ressursperspektiv, og ikkje som tap av, eller mangel på, språkleg identitet.
Keywords