Norsk Lingvistisk Tidsskrift (Jun 2019)

Grunnleggjande spørsmål om språkendring og norsk språkhistorie

  • Sverre Stausland Johnsen

Journal volume & issue
Vol. 37, no. 1

Abstract

Read online

Denne artikkelen er ein grann omtale og gjennomgang av det fyrste bandet i verket Norsk språkhistorie, som er etla til det nye oppslagsverket for emnet. To sider ved framgangsmåten i denne boka vert kritiserte. For det fyrste vert språkendringar tekne for å vera målretta og heimevaksne i staden for å vera sjølvdrivne endringar som spreier seg gjennom sosial tilpassing. For det andre skil ikkje forfattarane mellom den norske og norsk-danske utviklingslina i språkhistoria, og dei tek norskætta og danskætta språktrekk for å gå ut på det same. Attåt vert ei rekkje andre misgrep i boka framlyfte og drøfte. Jamvel om gjennomgangen av den norske språkhistoria i det store og heile er god, kan ikkje denne fyrsteutgåva nå målet om å verta det nye oppslagsverket for norsk språkhistorie. Difor er det von om at ei ny og omvølt utgåve kan koma på marknaden.

Keywords