Nordlit: Tidsskrift i litteratur og kultur (Jun 2022)

Fruktbar pederasti

  • Per Esben Myren-Svelstad

DOI
https://doi.org/10.7557/13.5578
Journal volume & issue
Vol. 49, no. 1

Abstract

Read online

Artikkelen utforskar korleis forfattaren Åsmund Sveen bidrog til propagandaen frå Nasjonal Samling (NS) under andre verdskrigen. Tidlegare forsking på Sveens NS-engasjement har teke utgangspunkt i homofobiske, stereotype førestillingar for å forklåre korleis ein mann som levde i eit homofilt forhold kunne fremja ein homofiendtleg ideologi. I denne artikkelen blir spørsmålet stilt andre vegen: Korleis kunne NS akseptere at Sveen tok med eit homoerotisk dikt i ein propagandaantologi over norsk litteratur? Ved å lesa Sveens propaganda i ljos av vitalistisk estetikk og ein tvitydig maskulinitetskonstruksjon argumenterer eg for at forholdet mellom homoerotikk og nazisme er komplekst i tekstene av Sveen så vel som i moderne kultur som heilskap. Slik kunne ein utopisk maskulinitetsvisjon vera akseptabel innanfor nazistisk ideologi.

Keywords