Internasjonal Politikk (Dec 2018)
Innvandrarborgaren
Abstract
Både i Noreg og andre europeiske land har integrasjonspolitikken dei siste 12–15 åra innført sterkare element av medborgaropplæring. I Noreg tar dette form av eit 50 timars kurs i samfunnskunnskap for innvandrarar frå utanfor EØS-området. I denne samanhengen er det spenningar mellom einsidig vektlegging på arbeidslivet og på eit breiare fokus på samfunnsdeltaking. Det er også spenningar mellom myndiggjerande ambisjonar på den eine sida og ambisjonar om tilpassing til norske verdiar og tradisjonar på den andre. Denne artikkelen vil drøfta den medborgaridentiteten som vert konstruert for innvandrarar i samfunnskunnskap i dette spenningsfeltet. Det empiriske materialet er læremiddel som er i bruk i opplæring av innvandrarar i samfunnskunnskap.
Keywords