Acta Didactica Norden (Oct 2024)
«Det handlar om å lære seg å bruke det»
Abstract
Djupnelæring har fått ei sentral rolle i nyare norske skulepolitiske dokument. Denne artikkelen ser på djupnelæringsomgrepet i Læreplanverket Kunnskapsløftet 2020 (LK20) i grunnskulefaget kunst og handverk (KH) og kjerneelementet handverksferdigheiter. Undersøkinga bygger på eitt kasus frå 5. trinn og rettar eit særskilt søkelys mot korleis lærarar forstår djupnelæring i KH, og kva dei legg vekt på i undervisinga i faget. Data for analysen er intervju med tre lærarar, i tillegg til deltakande observasjon av 14 doble undervisingsøkter. Resultat av konvensjonell innhaldsanalyse viser at lærarane signaliserer usikkerheit når dei snakkar om å kunne måla djupnelæring hjå eleven. Ein stor grad av skjønn vert nytta for å fylle eit uavklart djupnelæringsomgrep i læreplanen generelt og KH spesielt. Lærarane rapporterer ikkje i særleg grad endra praksis som resultat av det retningsgjevande djupnelæringsomgrepet i LK20. I staden knyter dei tolkinga av djupnelæring direkte til læringa som allereie ligg i praktisk, skapande arbeid i verkstad. Det er behov for ein vidare diskusjon i fagmiljøet og meir empirisk forsking om djupnelæring i KH.
Keywords