Collegium Medievale (Nov 2005)

Pernille Hermann (red.): Literacy in Medieval and Early Modern Scandinavian Culture

  • Leidulf Melve

Journal volume & issue
Vol. 18

Abstract

Read online

Det er alltid vanskeleg å melde konferanserapportar. Denne -som spring ut frå ein tverrfagleg konferanse arrangert ved Universitetet i Århus i april 2002- er ikkje noko unntak. Særleg er spørsmål om heilskapleg fokus problematisk. Redaktørar veit kor vanskeleg det er å få forskarar til å snakke om særskilde tema eller om eitt tema med ei særskild vinkling. Sjølv om konferansane og dei påfølgjande diskusjonane gjeme kan vere gode, blir utfordringane store om målsetjinga er å komponere ei bok med ei heilskapleg form.