Tidsskrift for Omsorgsforskning (Oct 2016)

Mortalitet og reinnlegging – samanhengen med pårøranderessursar blant eldre pasientar

  • Tor Helge Holmås,
  • Karin Monstad,
  • Darina Steskal

DOI
https://doi.org/10.18261/issn.2387-5984-2016-02-10
Journal volume & issue
Vol. 2, no. 2
pp. 159 – 168

Abstract

Read online

God samhandling er truleg spesielt viktig for eldre pasientar, fordi dei ofte treng helse- og omsorgstenester på fleire organisatoriske nivå. Når den eldre sine eigne ressursar sviktar, på grunn av svak helse og gjerne reduserte kognitive evner, vil pårøranderessursar (ektefelle eller barn) kunna spela ei viktig rolle. Samhandlingsreforma kan ha påverka denne rolla. På den eine sida skal reforma gje pårørande avlastning gjennom betre samhandling og styrkt kommunalt tilbod, på den andre sida kan faktorar som kortare liggjetid på sjukehus skapa auka behov for omsorg frå pårørande. I denne analysen brukar vi registerdata frå Norsk pasientregister, kopla med data frå Statistisk sentralbyrå og KOSTRA, for å undersøkja nærare samanhengen mellom pårøranderessursar og mortalitet/reinnlegging for eldre pasientar som har vore akuttinnlagte på sjukehus. Resultata viser at det å ha ektefelle og/eller eit vakse barn er negativt assosiert med mortalitet og positivt assosiert med reinnlegging målt 30 dager etter sjukehusutskriving. Analysane tyder derimot ikkje på at samhandlingsreforma har endra samanhengane mellom det å ha pårørande og utfalla mortalitet og reinnlegging. Nøkkelord: Mortalitet, reinnlegging, eldre, uformell omsorg, samhandlingsreforma