Barnelitterært Forskningstidsskrift (May 2023)

Når det regnar i Afrika – ei bok for kritisk tenking og aktørskap?

  • Margareth Sandvik,
  • Ingvill Krogstad Svanes,
  • Gro Stavem

DOI
https://doi.org/10.18261/blft.14.1.5
Journal volume & issue
Vol. 14, no. 1
pp. 1 – 14

Abstract

Read online

Når det regnar i Afrika. Ei bok om vêr og klimaendringar er ei sakprosa-bildebok for barn skriven av Erna Osland, illustrert av Per Ragnar Møkleby. Boka er innlemma i FNs berekraftsbibliotek for aldersgruppa 6–12 år. På den venstre sida i kvart oppslag finn vi forteljinga om guten Styrk, på den høgre fagtekstar om vêr og klima. Boka endar i ein argumenterande tekst om å ta grep mot klimaendringane. Bilda er felles for alle teksttypane og strekk seg ofte over heile oppslag. I denne artikkelen reiser vi spørsmålet om bildeboka Når det regnar i Afrika kan gi rom for kritisk tenking og aktørskap knytt til vêr og klimaendringar. Kritisk tenking dannar grunnlag for å avgjere kva vi skal tru eller gjere (Ennis, 2015), noko som er sentralt i miljøspørsmål. Kritisk tenking er ein av dei åtte nøkkelkompetansane UNESCO meiner er naudsynte for å nå dei 17 berekraftsmåla, og kan sjåast i samanheng med å tilskrive barn aktørskap i miljø- og klimaspørsmål (Goga, 2021). Vi analyserer boka i lys av fem teoribaserte dimensjonar av kritisk tenking: å tenke og handle rett, å ha og nytte kunnskap, å sjå ei sak frå fleire sider, å sjå samanhengar, og å gå i dialog. Analysen avdekker at desse dimensjonane kan vere fruktbare for å drøfte i kva grad denne bildeboka om vêr og klima kan bidra til å fremje kritisk tenking og aktørskap.

Keywords