Historisk Tidsskrift (Dec 2020)
Verdige og verdifulle relasjonar?<subtitle>Karl Evang og Torgeir Kasa om homoseksualitet i 1932</subtitle>
Abstract
Karl Evang og Torgeir Kasas artikkel om homoseksualitet i Populært tidsskrift for seksuell opplysning i 1932 nådde eit stort publikum og kom også i svenske og danske utgåver. Eg viser at artikkelen dels opprettheld eit syn på homoseksualitet som ein sjukeleg utviklingsmangel, og dels såg det som ei form for seksualitet som kunne aksepterast. Det siste var det aspektet som blei lagt mest merke til i samtida. Eg argumenterer for at synet på homoseksualitet må forståast i samanheng med Evangs ideal om heteroseksuelle forhold som baserte på gjensidige og kjenslemessige band mellom to likeverdige partar. Gjennom eit slikt nytt ideal for heteroseksualitet vart det vanskelegare å kategorisk avvisa homoseksualitet. Det vart skapt rom for det forfattarane karakteriserte som «verdige og verdifulle» likekjønna relasjonar.
Keywords