Edda (Jan 2018)

Olav H. Hauge og nynorsk omsetjingskunst

  • Klaus Johan Myrvoll,
  • Ronny Spaans

DOI
https://doi.org/10.18261/issn.1500-1989-2018-04-05
Journal volume & issue
Vol. 105
pp. 322 – 338

Abstract

Read online

Samandrag Norske litteraturkritikarar har hevda at Olav H. Hauge (1908–1994) tidlegare enn nokon annan omsetjar skal ha interessert seg for den nye modernistiske kanon. Denne artikkelen argumenterer for at dette biletet baserer seg på myten om Hauge som isolert, men verdsorientert diktarbonde i Ulvik, Hardanger. Artikkelen viser at Hauges praksis var solid forankra i ein serskild nynorsk attdiktingstradisjon. Dette er tydeleg langs tre liner: ei teoretisk, ei språkleg og ei litteratursosiologisk. Av notat i Hauges dagbøker kjem det fram at dei teoretiske og språklege refleksjonane hans om attdiktingskunst er nært knytte til forgjengarar i målrørsla, serleg Henrik Rytter (1877–1950). Den litteratursosiologiske tilknytinga blir tydeleg gjennom arbeidet med antologien Framande dikt frå fire tusen år (1968), som førde Hauge i kontakt med samtidige, meir etablerte attdiktarar og som stimulerte han til vidare attdiktingsarbeid. Artikkelen fokuserer på Hauges attdiktingar frå tysk.

Keywords