Målbryting (Aug 2020)

Haldningar til strilemål i og rundt Bergen

  • Ragnhild Lie Anderson

DOI
https://doi.org/10.7557/17.4871
Journal volume & issue
no. 11

Abstract

Read online

Strilemål er typisk nok ein dialekt som vert snakka av strilar, men er det knytt ulik status til det å vera stril og det å vera frå byen, og er dette i så fall eit uttrykk for ulike maktforhold mellom dialektane? I denne artikkelen vil det bli sett nærare på kva haldningar ungdomar i og rundt Bergen har til strilemålet. Datagrunnlaget byggjer på vurderingar av kva som vert oppfatta som eit talemål ein likar (bevisste språkhaldningar), kva talemål ein vurderer høgast ved eit fyrsteinntrykk (underbevisste språk­haldningar), og kva talemål ein trur andre vil oppfatta til å ha mest status (bevisste språkhaldningar), slik det kjem fram i ei språkhaldnings­gransking hjå ungdomsskuleelevar frå Bergen, Øygarden og Meland. Ein diskusjon rundt status og makt vert brukt som innfallsvinkel for å drøfta resultata som viser at strilemålet jamt over vert lågt rangert på bevisste og underbevisste språkhaldningsskalaer både i Bergen sentrum og i områda utanfor. Desse språkhaldningsresultata blir samanlikna med andre språkhaldningsgranskingar og diskuterte både i relasjon til eit makt­hierarki og ved hjelp av folkelingvistiske data frå eitt av områda.

Keywords