Tidsskrift for velferdsforskning (May 2023)

Helsetenestebruk før og etter covid-19 for personar fødd i Ukraina

  • Vilde Bergstad Larsen,
  • Hege Marie Gjefsen,
  • Kjetil Telle

DOI
https://doi.org/10.18261/tfv.26.2.4
Journal volume & issue
Vol. 26, no. 2
pp. 1 – 9

Abstract

Read online

Bakgrunn: Meir kunnskap trengs om korleis covid-19-smitte påverkar helsetenestebruk på tvers av fødeland, for å vurdere behovet for helsetenester i samband med eit stort tal på ukrainske flyktningar til Noreg. Materiale og metode: Vi nytta registerbaserte individdata for alle ukrainskfødde personar (N = 7 134) og eit representativt utval norskfødde personar (N = 15 000) som var busette i Noreg mellom 1. januar 2020 og 1. februar 2022, og rekna ut prosentdelen som nytta primærhelsetenester i vekene før og etter påvist koronavirusinfeksjon. For å justere for demografiske kjenneteikn og vaksinering nytta vi ein regresjonsmodell. Resultat: 14,6 % (1 044) av dei ukrainskfødde og 12,9 % (1 934) av dei norskfødde testa positivt for covid-19. I vekene før positiv test nytta 4,8 % av dei smitta ukrainskfødde primærhelsetenester, eit tal som auka til 40,1 % i veka etter test. Tilsvarande tal for norskfødde var 4,3 og 30,5. Primærhelsetenestebruken fall til nivået før testen for begge gruppene etter fem veker. Konklusjon: Lågare vaksinasjonsdekning blant ukrainskfødde kan bidra til å forklare høgare primærhelsetenestebruk etter påvist covid-19 enn for norskfødde. Vaksinasjon av flyktningar bør prioriterast for å redusere behovet for primærhelsetenester i samband med covid-19.

Keywords