Norsk Lingvistisk Tidsskrift (Jul 2021)

Adjektivlæring hos vaksne innlærarar av norsk – ein empirisk studie

  • Anna-Marie Kjøde Olsen

Journal volume & issue
Vol. 39, no. 1

Abstract

Read online

Denne artikkelen utforskar empirisk nokre sider ved læring og bruk av adjektiv hos vaksne innlærarar av norsk som andrespråk. Han er basert på ein kvantitativ tverrsnittstudie av adjektivbruken i 300 tekstar frå Norsk andrespråkskorpus. Eg har samanlikna innlærarmaterialet med tekstar skrivne av førstespråksbrukarar av norsk og i tillegg sett etter samanhengar mellom adjektivbruken og nokre bakgrunnsvariablar. Som mål på adjektivbruken har eg valt frekvens, noko som er motivert av eit bruksbasert teoretisk fundament. Eg ser ein skilnad mellom andrespråksbruken og førstespråksbruken ved at innlærartekstane har ein lågare adjektivfrekvens og mindre variasjon i adjektivbruken sin enn tekstane frå kontrollkorpuset. Vidare er det skilnader mellom innlærarar med tre ulike førstespråksbakgrunnar (somali, tysk og vietnamesisk) som kan tyde på tverrspråkleg påverknad mellom førstespråket og norsk. Det er ikkje sikkert grunnlag for å seie at adjektivfrekvensen varierer med tekstane sitt nivå etter Det felles europeiske rammeverket for språk eller utdanningsbakgrunnen til informantane i denne studien. Det overordna bildet som teiknar seg av adjektivbruken, er den omfattande individuelle variasjonen, noko som er eit venta trekk i innlærarspråk og som finn klangbotn i det teoretiske grunnlaget.