Prismet (Jan 2022)

Involvering

  • Ingunn Aadland

Journal volume & issue
Vol. 72, no. 4

Abstract

Read online

I haust vart læreboka Religioner og hverdagspluralisme i barnehagen trekt tilbake frå marknaden etter kritikk for både mangelfull og feilaktige framstilling av jødisk tru. (Gunnar Magnus Eidsvåg har meldt boka, og deler sine refleksjonar om den i dette nummeret). Det er sjølvsagt ugreitt å spele på stereotypiar i ein fagleg formidlings­situasjon, men så skjer det likevel, rett som det er. For i forsøket på å underhalde og bli forstått er det lett å ty til tilsynelatande effektive formidlingsformer. Vi kan mindre om religion enn før. Folk flest kjenner betre til ideen om Bibelen enn Bibelen sjølv, og ein kan ha klare førestillingar om Koranen, sjølv utan å ha lese ein einaste tekst. Dette kulturelle kunnskapstapet gjør oss meir sårbare og mottakelege for stereotype framstillingar. Sjølv den religiøse eksperten er prega av kulturell konvensjon. Så korleis oppfattar vi, forstår vi og diskuterer vi religion? Og kva førestillingar har eleven og læraren med seg om dei heilage skriftene? Ifølge Knut Lundby er religionen i medias grep. Media set agendaen, og bestemmer utvalg og framstilling. Vidare peikar han på at mediene, i kampen om vår merksemd, nettopp bidrar til både «annengjøring» og «alminneliggjøring» av religion.1 Media er heilt klart med på å setje premisset for korleis religion blir aktualisert i både skulen og kyrkja. Media er med på å definere kva som er aktuelt ved å aktivere særskilte fenomen og forteljingar. Slik dannar det seg meir eller mindre etablerte førestillingar om kva «Bibelen seier», og kva «kristen kulturarv» representerer i motsetning til andre religiøse impulsar. Audun Toft talar om kulturelt etablerte koplingar mellom vald og religion.2 Sjølv har eg vore oppteken av slike koplingar mellom religion og marginalisering av kvinner– og særleg i pedagogisk barnelitte­ratur.3 Gunnar Håland har og peikt på stigmatisering av det jødiske i barnebiblar.4 Mitt inntrykk er at førestillingar og framstillingar av Bibelen samstemmer med medialiseringa sin tendens til å skape «annangjering» og «alminneleggjering». På den eine sida tenkjer ein at Bibelen er kjelda til vestlege verdiar om neste­kjærleik. Slik alminneleggjeres Bibelen, og ein vert leia til å tenkje at Jesus er vår samtidshelt, og at Bibelen sin verdiar samsvarer fullt og heilt med eins eigne. På den andre sida er Bibelen, og dens lesar, gjerne framstilt som uttrykk for funda­mentalisme. Den Bibelen som tillater mord og krig og som undertrykkjer kvinner, passar berre inn i vår kultur som noko anna. Det er slik sett påfallande at både den «alminnelege» og den «annangjorde» Bibelen stigmatiserer både kvinner og [278] det jødiske. Kanskje er dette nettopp fordi dei spring ut av våre eigne stereotypiar og ikkje berre Bibelens? Den som gjer framstillingar av andre, utøver makt. Det gjeld konfirmant­læraren, læraren, læreboka og media. Med slikt makt kjem behovet for kunnskap og kritisk evne til å reflektere over makta ein besitter. Korleis sikrar vi respektfulle, nyanserte og reflekterte framstillingar av andre? Og korleis kan religionsfaget bidra til dette? Som lærar er det verdt å gå i seg sjølv. For vi har vel alle førestil­lingar og forventingar knytt til religiøse andre. Og ein lyt spørja seg: Kva kan eg, og kva baserer eg mi forståing av andre på? Dette nummeret inneheld forskingsartiklar om autoritetsdeling i konfirmant­arbeid i Den danske folkekyrkja og vidaregåande elevars involvering i arbeidet med heilage skrifter i religionsundervisninga, i tillegg til ein refleksjonsartikkel om fadderrolla, eit bokessay og ei rekkje bokmeldingar. Alle artiklane i dette nummeret har involvering som ein verdi. Marit Sofie Teistedal reflekterer om fadderrolla som ein gløymd ressurs i Den norske kyrkja. Geir Magne Flø og Sverre Dag Mogstad finn at elevane er prega av media si framstilling av religion, og at dei mistenkjer også læraren for å ta omsyn til nettopp dette. Anna Døssing Gunnertoft finn mellom anna at konfir­mantar saknar den ærlege presten, og at konfirmantlæraren kanskje ikkje har sett seg tilstrekkjeleg inn i konfirmantens røynd. Involvering handlar om å sleppe til andre, og å fordele makt. Men kva skjer med makt når den fordeles? Og kva forventingar har ein til kvarandre? Involvering set i gang prosessar ein ikkje har kontroll over. Det kan vere krevjande. Men vi treng å utsetje oss for kvarandre. Våre førestillingar av kvarandre må gjensidig testast av røynda. Enno viktigare om vi berre møtes gjennom skjermen. God lesnad! 1 Lundby, Knut (2021). Religion i medienes grep. Medialisering i Norge, Oslo: Universitetsforlaget, s. 16. 2 Toft, Audun (2021). «Killing in the name of : Religion som narrativt virkemiddel i TV-seriene Carnival Row og Legion.» DIN– Tidsskrift for Religion og Kultur, (1). 3 Aadland, Ingunn (2019). «Kvinna i den kulturelle bibelen: Ein analyse av nyare norske barne- og ungdoms-biblar». Prismet, 70 no. 2. 4 Sjå oppslag i Dagen «Sakkeus blir pengejøde». https://www.dagen.no/nyheter/sakkeus-blir-pengejode-i-barnebibel/ 25.10.2012.