Historisk Tidsskrift (Dec 2022)

Forholdet mellom gammal og ny rett i norsk og islandsk lov i mellomalderen

  • Else Mundal

DOI
https://doi.org/10.18261/ht.101.4.3
Journal volume & issue
Vol. 101, no. 4
pp. 286 – 298

Abstract

Read online

Emnet for artikkelen er forholdet mellom gammal og ny rett i norske og islandske lover i mellomalderen. Av islandske lover går det klart fram av teksten Lögréttuþáttr at gammal lov galdt etter at ny lov var innført, så sant gammal lov ikkje var i konflikt med den nye. I norske lover er dette ikkje like klart uttrykt, men i artikkelen er det peikt på detaljar i og forhold ved norske lover som kan indikere at slik retten vart praktisert i Noreg, følgjer han i hovudsak det same prinsippet som vi kjenner frå islandsk lov: Ny lov vart brukt saman med eldre lov. Dette har mellom anna dei konsekvensar for synet på den norske Landslova av 1274 at vi ikkje kan rekne med at det som var lov og rett etter 1274, berre var det som var skriftfest i Landslova. Den nye skriftlege lova kan ha fungert saman med eldre lover og tradisjon som danna eit bakteppe for den nye lova og saman med Landslova utgjorde den retten som galdt i landet.

Keywords