Arbeiderhistorie (Mar 2022)

Johan Medby – Frå «Sulitjelma-affæren» til Lillestrøm

  • Steinar Aas

DOI
https://doi.org/10.18261/arbeiderhistorie.36.1.4
Journal volume & issue
Vol. 36, no. 1
pp. 44 – 66

Abstract

Read online

A/S Sulitjelma gruber i Nordland var ein av landets største industribedrifter fram mot 1920 med mellom 1700 og 2000 tilsette avhengig av sesong og konjunktur. Nesten inne ved svenskegrensa i Salten etablerte eit svensk selskap eit stort gruveføretak med ein allsidig aktivitet som kravde store arbeidsstyrkar. Arbeidarane kom frå omlandet rundt og meir langvegs frå, og vart eit kjerneområde for radikaliseringa av regionen. Artikkelen tar oss til ein episode som illustrerer denne radikaliseringa der det primært var dei lokale fiskarbondesønene frå Nordland som tona flagg. Ein av dei, Johan Medby frå Saltdal, er sentral i forteljinga. Det som først var meint som ei antimilitaristisk markering i 1917, vart til ein nasjonal aksjon der Staten sette militær- og politimakt inn året etter for å slå ned eigensinnige, radikale arbeidarar som oppfatta seg sterke nok til å utfordre statens autoritet. Tidlegare har dei meir overordna sidene ved aksjonen vore drøfta. I denne artikkelen søkjer vi å skildre hendingane frå den nordlandske periferien og å få eit betre bilde av kven dei sentrale aktørane i regionen var. Ved å sjå nærmare på dette miljøet vil ein kanskje også få ei større forståing for korfor desse miljø, så vel som Johan Medby, vart verande blant dei mest radikale i norsk arbeidarrørsle også etter splittinga av Det norske Arbeidarpartiet i 1923. Artikkelen drar også fram nye sider ved politisk overvaking og militær koordinering av aksjonen. I tillegg viser den sider ved norsk historie vi er mindre stolte av, som sensur, hindring av ytringar og knebling av politiske motstandarar og ikkje minst bruk av politi og militær vald for å slå ned på politisk protest. Historia er eit døme på eit av lågpunkta i nyare norsk historie når det gjeld gjensidig mistillit mellom statsstyret og statens undersåttar.

Keywords