Heimen (Aug 2022)

«Så godt som me kunne, og så godt som me forstod»: forteljingar om deltaking i atomkraftverkmotstanden i Lindås i 1974

  • Inger Helen Midtgård

DOI
https://doi.org/10.18261/heimen.59.2.4
Journal volume & issue
Vol. 59, no. 2
pp. 155 – 173

Abstract

Read online

Me har ingen atomkraftverk i Noreg. Dette skuldast mellom anna den sterke folkelege motstanden her til lands. Eit døme er motstanden i to bygder i Lindås, Ostereidet og Hodneland i 1974. 1 Deltaking i denne lokale konteksten er mitt fokus i denne artikkelen. Artikkelen tek utgangspunkt i forteljingane til dei som var med, og korleis dei fortel om og forklarar si deltaking. Forteljingane vert så diskutert i lys av teoriar om deltaking. Det unike med atomkraftverkmotstanden var at dei lukkast med å nå måla sine: å stogge atomkraftverk på norsk jord. Dei fekk trass i sterk motstand frå sentrale styresmakter både politisk og i forvaltinga regjeringa til å avblåsa grunnundersøkingane og var med å sikra at Stortinget i 1979 sa nei til atomkraftverk i Noreg. Mykje tyder på at kombinasjonen av den massive deltakinga, den massive lokale semja og ein sterk samanbindande og brubyggjande sosial kapital var avgjerande faktorar for resultatet.

Keywords