Tidsskrift for Omsorgsforskning (Jan 2018)

Magiske augneblikk; erfaringar med kulturprosjekt for eldre

  • Aud Berit Fossøy,
  • Ellen Karine Grov,
  • Anne Marie Sandvoll

DOI
https://doi.org/10.18261/issn.2387-5984-2018-02-09
Journal volume & issue
Vol. 4
pp. 132 – 142

Abstract

Read online

Samandrag Frivillige samt private og offentlege aktørar står bak mange ulike aktivitetar der eldre menneske er målgruppa. Fleire av desse kulturprosjekta er støtta av offentlege midlar. Denne studien utforskar aktørane sine bidrag i eit kulturprosjekt for eldre. Korleis aktørane erfarer og forstår eldre si deltaking i prosjektet vert vektlagt. Studien har eit kvalitativt design der data er henta frå fokusgruppeintervju og oppfølgingssamtalar med aktørar i eit kulturprosjekt. Analysen er inspirert av systematisk tekstkondensering. Gjennom analysen kom det fram tre hovudkategoriar; den eldre opplever magiske augneblikk, den eldre opplever erindring og tilbakeblikk og den eldre bidreg med kunnskap og erfaring. Til saman syner funna kva dette tyder for eldre sin identitet og for eldre som integrert individ. Aktørane i kulturprosjektet erfarte at når kunnskap og erfaring igjen blir viktig, får den eldre bekrefta sin verdi og opplever å bli verdsett. Slike erfaringar var viktige for aktørane sin motivasjon til å fortsette dette arbeidet.

Keywords