Teologisk Tidsskrift (Sep 2022)
Grunnlaget for liturgisk forbønn i det seinmoderne – nokre teologiske moment
Abstract
Forbønn der nokon ber for ein annan, er ein ønska og levd praksis i vår kyrkje, kanskje særleg i koronatida. Men i det seinmoderne kan ikkje tradisjonelle forståingar av forbønn som Guds inngrep i verda stå seg i møte med sekulær fornuft. I staden kan vi finne ei fruktbar tilnærming i ei teologisk forståing av Guds avstand og absolutte differens frå skaparverket, saman med ein kristologisk og trinitarisk relasjonstenking som utgangspunkt for transformasjon og radikalt håp. Forbønn kan bli forstått ut ifrå kjærleiksrelasjonar og avhengigheit, og bli beskrive som sjølv-givande fellesskap, rop og minning, teneste og tillit til Guds transformative kraft.
Keywords