Tidskrift för Litteraturvetenskap (Dec 2023)

Avtrykk av den europeiske flyktningkrisa i 2015

  • Silje Neraas

DOI
https://doi.org/10.54797/tfl.v53i1.15073
Journal volume & issue
Vol. 53, no. 1

Abstract

Read online

Artikkelsamandrag (Norsk) Denne artikkelen undersøkjer fire norske kulturelle uttrykk, retta mot barn og unge, som kom ut i tidsrommet 2016 og 2017, og som fortel om spesifikke hendingar og narrativ frå det som vart kalla for den europeiske flyktningkrisa i 2015. Dei fire verka består av popsongen «Gutten på stranda» av Rasmus og Verdens Beste Band, teaterstykket «Myke øyne», med manus av Kate Pendry og framført av Artilleriet Produksjoner, romanen Hver morgen dyppet min søster brystene i isvann for å bli pen av Bjørn Sortland og teaterførestillinga «MariAmira» av Siri Broch Johansen. Artikkelen har ei transmedial tilnærming ved at eg undersøkjer korleis flyktningkrisa er mediert på tvers av ulike kulturelle uttrykk. Det teoretiske grunnlaget for artikkelen er minneteoretisk, og i artikkelen argumenterer eg for at vi kan forstå medieringa av element frå flyktningkrisa som del av ei minneskaping («memory-making») (Erll & Rigney, 2009). Eg argumenterer for at gjennom deira mediering tek dei kulturelle verka del i å velje ut kva som blir hugsa frå flyktningkrisa, men også i korleis desse hendingane og narrativa blir hugsa. Det gjer at artikkelen sitt fokus ligg på å undersøkje korleis medieringa etablerer og former kollektive og kulturelle minne frå den europeiske flyktningkrisa frå 2015.

Keywords