Heimen (Jan 2021)

Skulehaldarar i det førmoderne Noreg – mellom barken og veden?

  • Harald Johannes Krøvel

DOI
https://doi.org/10.18261/issn.1894-3195-2021-01-06
Journal volume & issue
Vol. 58
pp. 67 – 90

Abstract

Read online

Samandrag Denne artikkelen freistar å analysere kva posisjon omgangsskulelæraren hadde i norske bygder før midten av 1800-talet i forhold til den påståtte kulturelle todelinga i ein embetsmannskultur og ein bondekultur. Er det rimeleg å seie at skulehaldaren inntok ein posisjon mellom desse to kulturane? Gjennom analysen av ein konflikt mellom bønder og styresmakter i Vågå tidleg på 1800-talet vert maktaspekt ved posisjonen til skulehaldarane tematisert. Sjølv om skulehaldaren kan seiast å stå i ein mellomposisjon i kraft av å vere i ein relasjon til presten, forankra i den såkalla hustavle-ideologien, var denne posisjonen ikkje nødvendigvis stadfesta innanfor bondekommunale arenaer. Førekomsten av ulike ideologiar og maktprinsipp innanfor bygdesamfunnet gjer såleis at posisjonen til skulehaldaren ikkje var nokon eintydig mellomposisjon. For dei fleste var dessutan stillinga som skulehaldar avgrensa i tid til perioden før ein gifta seg og stifta levebrød, noko som gav mellomposisjonen deira ein flyktig karakter. Skulehaldarar som gjorde lærarstillinga til ein livsveg, kunne likevel – gjerne gjennom utviklinga av ein personleg relasjon til presten – akkumulere tilstrekkeleg kulturell kapital til at ein posisjon mellom embetsmanns- og bondekulturen vart fastare og meir stabil. Uansett gjorde førekomsten av ein slik posisjon som skulehaldaren representerte, at forholdet mellom dei to kulturane i det store og heile vart mindre skarpstilt enn det ein gjerne har sett føre seg.

Keywords