Tidsskrift for velferdsforskning (Sep 2023)

Sosiomaterielle vilkår for brukarmedverknad i Nav<subtitle>Ein kvalitativ studie av opplevingar til menneske med rusutfordringar</subtitle>

  • Kjell Einar Barsnes,
  • Sissel Seim,
  • Tone Jørgensen

DOI
https://doi.org/10.18261/tfv.26.3.4
Journal volume & issue
Vol. 26, no. 3
pp. 1 – 14

Abstract

Read online

Brukarmedverknad er eit relevant tema i Nav. Rusbrukarar med alvorlege problem får mindre gode kommunale tenester enn andre brukarar. Forsking på medverknad for brukarar av Nav med alvorlege rusutfordringar er likevel avgrensa. Me intervjua tolv personar med rusutfordringar ansikt til ansikt om deira erfaringar med brukarmedverknad i Nav. Sju deltakarar gjennomførte fleire intervju, og fem deltakarar gjennomførte eitt intervju. Artikkelen drøftar korleis sosiomaterielle vilkår kan verka inn på deira oppleving av brukarmedverknad i Nav. Sosiomaterialitet forstår me som samspel mellom fysiske, mentale og sosiale rom. Dei analytiske skilja får fram samanhengar mellom menneske, rom og materiell. Funna viste at kommunikasjon i sanntid ved fysiske møte eller med telefon og vedvarande relasjonar fremma medverknad. Manglande nærleik i tid og rom mellom Nav-rettleiar og brukar kunne hindra opplevingar av god medverknad. Dokumentasjon og diagnosar markerte stundom endring og tryggleik, men prosessane kosta tid og krefter. Medverknad i dokumentasjon av diagnosar vart erfart som viktig. Studien får fram korleis sosiomaterielle vilkår for direkte kontakt med ein kjend Nav-rettleiar påverkar opplevinga av god brukarmedverknad.

Keywords