Norsk Museumstidsskrift (Dec 2023)
Stokkebåten, «Stokkebåten» og «Sanningi» – Museale og litterære refleksjonar om Olav H. Hauges dikting
Abstract
Samandrag Forfattarmusea har som regel meir fokus på forfattaren enn på litteraturen hen har skrive, men det er gode grunnar til å sjå på dette på nytt. Artikkelen min freistar å vise at forfattarmusea, som dei litteraturvitskapslege fagmiljøa, kan dra nytte av nærlesing av litterære tekstar. Gjennom å lese og tolke to dikt av Olav H. Hauge ønsker eg å vise at denne type lesing kan opne for både litterære og biografisk orienterte innsikter, og at begge delar høyrer heime i forfattarmusea. 1
Keywords