Nordisk tidsskrift for pedagogikk og kritikk (Dec 2020)

Faglege visjonar og læraraktørskap

  • Øyvind Wiik Halvorsen

DOI
https://doi.org/10.23865/ntpk.v6.1596
Journal volume & issue
Vol. 6, no. 0
pp. 222 – 235

Abstract

Read online

I denne artikkelen undersøkjer eg korleis faglege visjonar, tydande førestillingar og bilete av ideelle praksisar gir lærarar retning for eiga pedagogisk verksemd. Basert på fortolkande analyser av intervju med eit utval norsklærarar i vidaregåande skule, identifiserer eg ulike faglege visjonar hjå norsklærarane. Eg argumenterer for at lærarane sine faglege visjonar fungerer som ei kjelde til føremål og standardar for arbeidet deira med norskundervisning. Dei faglege visjonane kan slik verte forstått som ein ressurs for lærarane si utøving av aktørskap. Visjonane er derimot ikkje skapte av den einskilde læraren aleine, men er utforma i samspel med bestemte sosiale språk i norsklærarane sin sosiokulturelle kontekst. Artikkelen er slik eit bidrag til å forstå korleis læraraktørskap vert forma i samspel med ressursar i lærarar sin sosiokulturelle kontekst.

Keywords