Norsk Lingvistisk Tidsskrift (May 2022)

Distribuert genus i norske DPar

  • Tor A. Åfarli,
  • Mari Nygård,
  • Brita Ramsevik Riksem

Journal volume & issue
Vol. 40, no. 1

Abstract

Read online

Det viktigaste vi argumenterer for i denne artikkelen, er at det eksisterer ein strukturell fleksibilitet m.o.t. den hierarkiske posisjonen til genus i norske DPar med språkblanding. Dette kallar vi for distribuert genus. Vi argumenterer også for at genus ikkje eksisterer som ein sjølvstendig kjerne/projeksjon i DPen, men derimot som formelle trekk som er parasittiske på andre funksjonelle kjernar/projeksjonar, og vidare at alle formelle genustrekk i DPen er uvaluerte og likeverdige ved starten av derivasjonen. Med utgangspunkt i dette siste poenget tar vi til orde for at genus eksisterer på to plan: som ein ikkje-lingvistisk konseptuell eigenskap på den eine sida og som formell-lingvistiske trekk på den andre, og vi foreslår at genusspråk utnyttar ein mekanisme som vi kallar genusfiksering, som omset konseptuelt genus til formelt genus, noko som inneber grammatikalisering av genus.

Keywords