Nordisk Tidsskrift for Helseforskning (Apr 2024)

Helseskaping og helserisiko i skulekvardagen

  • Marta Olsen Søfteland,
  • Mikkel Magnus Thørrisen,
  • Randi Wågø Aas

DOI
https://doi.org/10.7557/14.6821
Journal volume & issue
Vol. 20, no. 1

Abstract

Read online

Målet med studien var å gje auka innsikt i helseutfordringar hjå barn og unge, samt i skulens og skulehelsetenestas rolle, sett frå elev-, lærar- og skuleleiarperspektiv. Fire fokusgruppeintervju med ungdomsskuleelevar, lærarar og leiing (N = 26) vart utført ved ein stor skule i Sør-Noreg. Data vart analysert med kvalitativ innhaldsanalyse. Tre tema og ni subtema vart identifisert. Desse avdekka to paradoks: (i) elevane sine helseutfordringar vart opplevd som komplekse, mens skulehelsetenesta var lite tverrfagleg og lite tilgjengeleg, og (ii) skulekvardagen vart erfart å påverka elevane si helse, men det mangla helsekompetanse i skulen (blant elevar, lærarar og leiing). Studien peikar på at skulen har eit potensiale for å vera ein helseskapande arena, og at samskapingsprosessar som involverer elevar, lærarar, leiing og ei skulehelseteneste med tverrfaglege team vil kunne bidra til meir autonomistøttande, prososiale og helsefremjande skulemiljø

Keywords