FORMakademisk (Dec 2024)

Realisering av kjerneelementet handverksferdigheiter i kunst og handverk

  • Elin Austbø Simonsen,
  • Ingvild Digranes

DOI
https://doi.org/10.7577/formakademisk.5653
Journal volume & issue
Vol. 17, no. 1

Abstract

Read online

Gjennom rammeverket konseptuell læreplanteori frå Goodlad ser denne artikkelen på korleis handverksferdigheiter vert framstilt i den formelle læreplanen. Artikkelen ser også på arbeidet med å støtte elevane si utvikling av handverksferdigheiter i operasjonaliseringa av grunnskulefaget kunst og handverk (KH) og kjerneelementet handverksferdigheiter (HF) på 5. trinn. Empiri frå ein oppgåveperiode med arbeid i tre gjev innblikk i verkstadpraksis, medan ei analyse av Læreplan i kunst og handverk gjev innblikk i skulepolitiske intensjonar. Analysen viser at læreplanen legg få føringar for det faglege innhaldet i kjerneelementet HF. Læraren sin making knowledge, i betydninga grad av handverkskompetanse og skjønnsutøving basert på denne, trer derfor fram som avgjerande for elevane si innlæring av grunnleggjande handverksferdigheiter. Praktisk skapande arbeid vert omdreiingspunkt for den operasjonaliserte verkstadpraksisen. Det betyr at rammer som fagkompetanse, tid og spesialrom spelar ei avgjerande rolle i undervisningspraksis, og må prioriterast i grunnopplæringa dersom arbeid med målsetting om elevane si handverksmessige læring og djupnelæring i KH skal kunne gjennomførast.

Keywords