Historisk Tidsskrift (Jun 2021)
«Det moderne gjennombrotet» i lærarskulen<subtitle>Ibsen-lesing hjå Tromsø-seminaristar</subtitle>
Abstract
I motsetning til den utbreidde oppfatninga om at «det moderne gjennombrotet» i den skandinaviske litteraturen møtte motstand og fiendskap, syner opplagstal at Henrik Ibsens Et dukkehjem (1879), eit av dei sentrale gjennombrotsverka, blei hans største salssuksess, og at boka nådde nye grupper av lesarar. Eit rikt materiale frå lærarutdanninga i Tromsø gjer det mogleg å følgje Ibsen-lesinga der i noko detalj, frå dei fyrste innkjøpa i 1866 til byrjinga av 1880-åra. Som ein kyrkjekontrollert, konservativ institusjon lét seminaret vere å kjøpe inn mykje av den moderne litteraturen, men dei kjøpte nesten alt av Ibsen, til og med Et dukkehjem. Det omstridde familiedramaet blei Ibsens gjennombrot som elevlesing og skapte større interesse også for hans eldre titlar. Skulebibliotekets fyrsteutgåve av Et dukkehjem er bevart, og lesarkommentarane i margane syner at boka blei lesen på ein meir «engasjert» og «deltakande» måte enn dei Ibsen-titlane som var skulepensum.
Keywords