Norsk Lingvistisk Tidsskrift (Nov 2017)

Om språkbruk i kommunestyremøte i Guovdageaidnu

  • Nils Dannemark

Journal volume & issue
Vol. 35, no. 2

Abstract

Read online

Artikkelen tek for seg bruk av element frå andre språk når det dominante språket i diskursen er nordsamisk. Informantane var valde som kommunestyrepresentantar i Guovdageaidnu for perioden 2011–2015. Dei høyrer alle heime i Guovdageaidnu og har nordsamisk som fyrstespråk eller eit godt andrespråk. Materialet som er analysert, er opptak av kommunestyremøte og kvalitative intervju med åtte av representantane. Målet var å finne ut noko om kva element frå andre språk som vart nytta og kva representantane meiner om slik bruk. I analysen av intervjua har eg teke utgangspunkt i ei kategorisering av haldningar til innlånte element som Jógvan í Lón Jacobsen har laga ut frå ei undersøking av haldningar til innlånte element i færøysk. Intervjua eg har gjort, syner at representantane både er opptekne av at språkbruk har ein kommunikativ funksjon og at det er viktig å nytte samiske ord i så stor grad som mogeleg.

Keywords