Heimen (Jan 2019)

Sosioøkonomisk struktur og økonomisk åtferd

  • Arnljot Løseth

DOI
https://doi.org/10.18261/issn.1894-3195-2019-03-06
Journal volume & issue
Vol. 56
pp. 200 – 213

Abstract

Read online

Samandrag Artikkelen tar føre seg samfunn i Fiskar-Noreg (det vil seie der dei store eksportfiskeria dominerte), Norden og også nokre andre nordatlantiske kystsamfunn på 1800-talet. Korleis utbyttet frå fiskeria var fordelt mellom fiskarane og også – der det gjeld – mellom fiskarane og jordherrane/handelsmennene, vil bli tatt opp. Eigedomsforhold til båtar (sameige eller eineeige) og reiskap i Fiskar-Noreg vil bli drøfta. Det same blir samanhengen mellom utbyttet av fisket og storleiken på jorda som fiskarbøndene eigde eller leigde. Var det ein samanheng mellom storleiken på gardsbruka – eller det å ikkje ha jord – og korleis ein gjorde det som fiskar? Den sosiale strukturen innetter i fiskarbondesamfunnet vil bli problematisert, og også – og ikkje minst – graden av avstand mellom fiskarallmugen og handelsmannen og eventuelt væreigaren. Dei regionale kontrastane mellom forholdsvis egalitære og meir lagdelte og sosialt stratifiserte regionar blir framheva, og sentralt i artikkelen står drøftinga av kva forskjellige regionale sosioøkonomiske strukturar hadde å seie for utviklinga av fiskerinæringa. Var det klare forskjellar mellom meir egalitære kystsamfunn og meir lagdelte og sosialt stratifiserte kystsamfunn? Artikkelen konkluderer med at forskjellige regionale sosioøkonomiske strukturar i Noreg og i Nord-Atlanteren kan ha hatt mykje å seie for forskjellig regional utvikling av fiskerinæringa frå siste halvparten av 1800-talet.

Keywords