Edda (Jan 2021)

Å vera to om å fortelja eit liv. Ein analyse av forhandlinga om ei livshistorie i Demian Vitanzas Dette livet eller det neste

  • Kristian Lødemel Sandberg

DOI
https://doi.org/10.18261/issn.1500-1989-2021-03-05
Journal volume & issue
Vol. 108
pp. 204 – 216

Abstract

Read online

Samandrag Artikkelen tek føre seg Demian Vitanzas Dette livet eller det neste (2017) for å diskutere kva det vil seia å fortelja og gjenfortelja eit liv. Romanen utforskar eit etisk og litterært grenseland, der forhandlinga mellom Tariq (som fortel livet sitt) og forfattaren (som gjenfortel det) gjer det mogleg å realisere og problematisere livshistoria til ein norsk framandkrigar. Med utgangspunkt i diskusjonar om fiksjonell referensialitet og etikk i romanar som baserer seg på eit faktisk liv, blir det argumentert for at romanen forhandlar fram både ein røyndomskontrakt og ein fiksjonskontrakt, noko som gjer at den narrative konstruksjonen kan overta for livet som er levd. Vidare argumenterer artikkelen for at den eksplisitte forhandlinga i romanen, som gir kjelda medråderett over si eiga livshistorie, skaper eit korrektiv til etikken i røyndomslitteraturen.

Keywords