Norsk Sosiologisk Tidsskrift (Mar 2023)

Kvifor er det ikkje grunnrente i norsk jordbruk? Om korleis verdiane frå jorda forsvann til kapitalen

  • Eirik Magnus Fuglestad

DOI
https://doi.org/10.18261/nost.7.2.3
Journal volume & issue
Vol. 7, no. 2
pp. 1 – 15

Abstract

Read online

Denne artikkelen er ein refleksjon over den økonomiske situasjonen i norsk jordbruk slik den har utvikla seg sidan 1970-talet. Med dei klassiske teoriane om grunnrente som analytisk utgangspunkt går artikkelen gjennom den strukturelle utviklinga av jordbruket i denne perioden. Det peikast på to viktige utviklingstrekk som kan ha medverka til at dei verdiane som skriv seg frå den norske jordbruksjorda (det som tradisjonelt har vorte omtala som grunnrente), ikkje blir att hjå den aktive bonden: 1) at kapital erstattar eller supplerer noko av verdien naturen skapar, gjennom teknologiske investeringar og tilføring av energi, og 2) at marknaden «billiggjer» eller underbetaler maten til ein pris som ikkje reflekterer bruken av naturen (jorda), via oligobsoni i daglegvarebransjen og via verdisynet i den nyklassiske økonomien. Artikkelen ser dette som eit normativt samfunnsproblem som kan føra til fallande berekraft og til at samfunnet mistar viktige funksjonar. Som ei mogleg løysing på desse problema føreslår artikkelen at me må ta grunnleggjande diskusjonar om korleis me som samfunn verdset jorda og naturen, og at det er viktig at den økonomiske verdsetjinga baserer seg på at jordbruket er ei næring med stadeigne eigenskapar som både produserer frå unike førehald og produserer unike kvalitetar. Dette kan oppsumerast slik: 1) ei tilbakekopling mellom økologi og økonomi og 2) ei revaluering av verdi i det økonomiske systemet. Dette kan bidra til å synleggjera dei verdiane som skriv seg frå bruken av jorda, det som tradisjonelt sett har vorte sett på som grunnrente.

Keywords