Norsk Statsvitenskapelig Tidsskrift (Jan 2018)

Jordressursar under press:

  • Gro Sandkjær Hanssen,
  • Lina Hamre,
  • Kristine Lien Skog

DOI
https://doi.org/10.18261/issn.1504-2936-2018-02-03-02
Journal volume & issue
Vol. 34
pp. 65 – 88

Abstract

Read online

Artikkelen tar utgangspunkt i gapet som eksisterer mellom nasjonale jordvernmål og den lokale forvaltinga av jordressursar i Noreg. Teori om fleirnivådemokrati seier at styringa frå staten si side vil vera hard når dei nasjonale og dei lokale måla er i konflikt. Sjølv om måla her er i konflikt, finn me at lokalpolitikarane har eit stort lokalt handlingsrom i arealpolitikken. Problemstillinga for artikkelen er: Kva rolle spelar partipolitikk i lokal forvalting av norske jordressursar? Dette undersøker me ved å fyrst kartleggja partia sin jorbruksideologi på nasjonalt nivå, for deretter å sjå om denne nasjonale konfliktlinja påverkar den lokale forvaltninga av jordressursar der jordvernet står mot omsynet til private eigedomsrettar. Ein innhaldsanalyse av partiprogramma viser at det er stor usemje mellom partia langs denne konfliktlinja. Gjennom regresjonsanalysar av omdisponeringa i norske kommunar, finn me likevel ingen statistisk signifikant effekt av partipolitikk på forvaltinga av jordressursar lokalt. For å finna ut kvifor, utfører me ein komparativ casestudie av Spydeberg og Hobøl. Dei to kommunane er valde ut frå eit Most Similar Systems Design. Gjennom intervju med lokalpolitikarar og andre som jobbar med jordvern, finn me at partipolitikken også lokalt vert oppfatta å vera viktig i jordvernspørsmål. Likevel er det ei rekke lokalspesifikke årsaker til at omdisponering av dyrka jord skjer uavhengig av kva som står i partiprogrammet til partia som sit med makta. Hovudfunnet er at jordvernet vert vekta i ein lokal kontekst, ikkje ein partipolitisk. I så måte vil synleggjering av matjorda som eit kollektivt gode i lokalsamfunnet kunne styrka jordvernet.

Keywords