Heimen (Jun 2023)

Forteljingar om krig

  • Ine Fintland,
  • Tora Aasland,
  • Geir Sverre Braut

DOI
https://doi.org/10.18261/heimen.60.1-2.2
Journal volume & issue
Vol. 60, no. 1-2
pp. 7 – 28

Abstract

Read online

Samandrag Under krigen samla Instituttet for historisk forskning inn store mengder opplysningar om dei første krigsmånadene både frå militære og frå sivile styremakter. Instituttet blei oppretta av okkupasjonsmakta i 1941. I denne artikkelen skal vi sjå nærmare på dei sivile rapportane det fekk frå sentrale lokale aktørar i Noreg. Rapportane er svært så ulike, både i innhald og i omfang. Nokre av skrivarane har personleg vore tett på krigshendingar, medan andre har merka lite til dei. Dei ulike forteljingane om krigen er interessante, og dei vitnar om at skrivarane har freista å gi truverdige framstillingar. Fleire kommenterer også skrivarrolla si og den forståinga dei har av kjeldematerialet og historiefaget. Omtalane med eit ideologisk preg, er lett å skilja frå dei meir faktaprega. Vi meiner at dette materialet har eit langt større brukspotensial enn det vi har sett fram til no. For å gi ei forståing av rapportinnhaldet og skrivaroppdraget, går vi nærmare inn på nokre få av dei, og då særleg rapporteringa frå Etnedal kommune.

Keywords