Nordisk tidsskrift for pedagogikk og kritikk (Oct 2022)

«Det er ikkje noko SIM sala bim» – om implementering av skulens innsatsteam mot mobbing i tre vidaregåande skular

  • Kari Leikanger Buset,
  • Anne Randi Fagerlid Festøy,
  • Iselin Vatnehol Waage,
  • Peder Haug

DOI
https://doi.org/10.23865/ntpk.v8.3722
Journal volume & issue
Vol. 8, no. 2022
pp. 347 – 361

Abstract

Read online

Skulens innsatsteam mot mobbing (SIM) er meint å vere ei hjelp i arbeidet med å betre skulemiljøet og hindre og møte mobbing på skulenivået. Denne artikkelen studerer korleis tre vidaregåande skular har arbeidd med å etablere SIM, og kva erfaringar det har gitt dei. Dataa er gruppeintervju med lærarar og skuleleiarar i dette arbeidet. Til saman deltok det 27 informantar. Det er nytta tematisk innhaldsanalyse. Skulane har i lang tid arbeidd for å betre skulemiljøet, og alle har arbeidd med mobbing og mobbesaker, men med ulik kompleksitet. Det tydelegaste funnet i studien er at det meir har gått føre seg ein assimilasjonsprosess, der SIM har blitt tilpassa eksisterande ordningar, enn ein akkommodasjonsprosess, at eksisterande ordningar er tilpassa SIM. Tiltaket har gitt personalet viktig kunnskap om mobbing.

Keywords