Heimen (Jun 2024)
Den norske katechon – Otto Theodor Krohgs politiske teologi, 1856–1885
Abstract
I artikkelen diskuterer eg eit vedvarande grep i dei offentlege ytringane til soknepresten Otto Theodor Krohg. Gjennom fleire tiår var han fast skribent i rikspressa. I denne artikkelen fokuserer eg på tidsrommet 1856–1885. Forankra i den regionale periferien Romsdal kritiserte Krohg ulike rørsler, idear og aktørar som han skulda for ukristelege og opprørske tendensar. For å legitimere og forsvare den beståande samfunnsorden mobiliserte Krohg politisk-teologiske lesnader av Bibelen. Ved fleire høve viste han til Paulus’ andre brev til tessalonikarane, med både implisitte og eksplisitte drøftingar av den mystiske figuren skildra der: katechon, den tilbakehaldande makta imot Antikrist.
Keywords