Historisk Tidsskrift (Dec 2021)
Historisk tidsskrift 1945–2020<subtitle>Mellom konservatisme og nyskaping</subtitle>
Abstract
Artikkelen kartlegg og analyserer utviklinga av Historisk tidsskrift frå det første nummeret etter krigen og fram til og med 2020. Dei 782 hovudartiklane i tidsskriftet blir handsama gjennom ei kvantitativ analyse knytt til eit knippe kategoriar: kjønn, historisk periode for undersøkinga, den romlege plasseringa av undersøkinga og saksområde eller tema. Tendensar og vendepunkt blir diskuterte i ljos av den overordna historiografiske utviklinga i etterkrigstida, og dessutan redaksjonelle føreord i tidsskriftet.
Keywords