Historisk Tidsskrift (Oct 2021)
Norrøn ekspansjon og samisk motmakt i Sør-Salten ca. 600–1350
Abstract
Sidan 1980-åra har relasjonen mellom samisk og norrøn busetnad i yngre jernalder og mellomalder vorte framstilt som i stor grad symbiotisk, harmonisk og likeverdig. I vår undersøking av busetnadsspor og gardsnamn i Sør-Salten, Nordland, har vi konkludert med at det var eit større innslag av konflikt og asymmetri enn andre forskarar har lagt til grunn. Ulike kjelder herifrå tyder på ein høvdingstyrt busetnadsekspansjon inn i samiske bruksområde i siste del av vikingtida og inn i mellomalderen (ca. 900–1350). Den seine busetnadsekspansjonen fell saman med ein auke i utnyttinga av utmarksressursane i vikingtid, spesielt uttak av kvernstein, og ein auke i samiske kulturspor i tilgrensande område. Dette tolkar vi som spor av ein konfliktsituasjon der den norrøne busetnaden utøvde makt over samiske grupper, men der dei mindretallige samane var i stand til å reise ulike former for motmakt som ikkje kravde bruk av vald.
Keywords