Norsk Statsvitenskapelig Tidsskrift (Aug 2024)

Brukartilfredsheit i norske barnehagar<subtitle>Eit spørsmål om offentleg, kommersielt eller ideelt eigarskap?</subtitle>

  • Håvard Thorsen Rydland,
  • Dag Arne Christensen

DOI
https://doi.org/10.18261/nst.40.3.2
Journal volume & issue
Vol. 40, no. 3
pp. 144 – 159

Abstract

Read online

Denne artikkelen studerer kvalitetsskilnadar – målt som brukartilfredsheit – mellom norske barnehagar med ideelt, kommersielt og kommunalt eigarskap. Barnehagesektoren er prega av både utstrekt bruk og eit sterkt innslag av private aktørar. Spesielt innslaget av kommersielle tenestetilbydarar er politisk konfliktfylt. Lite forsking er gjort på kvalitetsskilnadar i barnehagar med ulike eigarar, men det som er gjort, indikerer at barnehagar med ideelle eigarar skårar best. Eit rikt datasett som dekkjer åra 2016 til 2021 gjer at me kan nytta ulike empiriske strategiar for å undersøke desse skilnadane. Me kan både kontrollera for relevante trekk ved tenesta og utnytta at enkelte barnehagar skiftar mellom dei tre eigarformene. Resultata våre syner at ideelle barnehagar har dei mest fornøgde foreldra; dette er stabilt over fleire år også når analysen inkluderer relevante kontrollvariablar. Når me samanliknar tilfredsheita i barnehagar som skiftar eigar (t.d. frå kommersiell til kommunal), med elles like barnehagar (t.d. kommersielle barnehagar som ikkje skiftar eigar), finn me ingen sterke effektar av eigarskap.

Keywords