Prismet (Jan 2023)
Om danning og livsmeistring
Abstract
I KRLE-læreplanen RLE01-03 (Kunnskapsløftet 2020) har «utforsking av eksistensielle spørsmål og svar» fått ei sentral rolle som eit kjerneelement i faget. I denne artikkelen diskuterer eg på teoretisk grunnlag korleis undervisning som aktualiserer døden, også som eksistensielt tema, kan styrke danningsdimensjonen i religions- og livssynsfaget. Dette vert gjort med utgangspunkt i Wolfgang Klafki sin danningsteori og didaktiske teori og Kirsten M. Andersen og Lakshmi Sigurdsson sin modell for danning til religiøs (og livssynsrelatert) myndigheit. Eg utforskar korleis temaet ligg implisitt i delar av KRLE-faget sitt emneinnhald, og viser dette gjennom eit døme på eit mogleg undervisningsopplegg. Med dette synleggjer eg også den nære samanhengen mellom det KRLE-faglege kjerneelementet «utforsking av eksistensielle spørsmål og svar» og det overordna tverrfaglege temaet «livsmeistring». Nøkkelord: Danning, didaktikk, eksistensielle tema, døden, religions- og livssynsfaget, KRLE