Tidsskrift for Samfunnsforskning (Feb 2023)
Frivilligsentralane i Noreg: Har dei ein bindeleddsfunksjon?
Abstract
Samandrag Eit av mange tiltak for å stimulere til meir frivillig arbeid på velferdsfeltet har vore konseptet om frivilligsentralar. Til forskjell frå i andre land har frivilligsentralane i Noreg frå oppstarten av vore fokuserte på å drive eigne aktivitetar og tenester med eigne frivillige heller enn å primært vere eit koordinerande bindeledd mellom lokale behov for tenester og frivillige hjelparar. Bindeleddsfunksjonen har likevel vorte vektlagt meir og meir i politiske strategiar for frivilligsentralane opp igjennom åra, der dei er tenkt å ha viktige roller i produksjonen av velferd gjennom samskaping. I lys av dette undersøker vi i denne artikkelen i kva grad bindeleddsfunksjonar og deltaking i samskapingsprosessar er tydelege som del av frivilligsentralane si faktiske verksemd. Ved hjelp av analyser av informasjon frå 335 frivilligsentralar i ei spørjeundersøking frå 2020 finn vi at eigne aktivitetar framleis er dominerande blant frivilligsentralane. Samtidig blir denne verksemda i stor grad kombinert med ein bindeleddsfunksjon lokalt. Undersøkinga vår tyder dermed på at frivilligsentralane har vorte påverka av det store fokuset på samskaping det siste tiåret, og at dei har endra seg mykje i retning av å ta ein større bindeleddsfunksjon. Det står dermed att å sjå om myndigheitene ynskjer å skubbe sentralane enda lenger i denne retninga i framtida.
Keywords