Historisk Tidsskrift (Oct 2022)
Kva skal kvinna, barnet og mannen heite?<subtitle>Kjønna namnelover i Noreg frå 1923 til 2003</subtitle>
Abstract
Fram til tidleg på 1900-talet rådde eit stort mangfald i namnepraksisar i Noreg. I artikkelen undersøker eg korleis forståingar av kjønn har vore med på å forme namnelovene våre, frå den fyrste i 1923 til den gjeldande lova frå 2003. Ved å lovfeste etternamnspraksisar frå dei øvre klassene i samfunnet søkte staten einsretting. Alle skulle no ha faste etternamn, menn skulle halde på oppvekstnamnet gjennom livet, kvinner endre i ekteskap, og barn få faren sitt. Snart fekk praksisane i lova ein eim av tradisjon ved seg, parallelt med krefter som tala for auka valfridom, særleg for kvinner. Etternamnsval for menn vart diskutert innanfor rammene av slektslinjer og namnevern. Etternamnsval for kvinner vart diskutert innanfor ramma av kjernefamilien. Slik førte endring av etternamn for kvinner til ei positiv skaping av noko nytt, medan endring for menn skapar brot. Lovene endra seg i perioden, til den nyaste lova, frå 2003, som kombinerte ideal om fridom til å velje namn ut frå andre namneskikkar enn dei norske, med ideal om parforhold og kjernefamilie gjennom at sambuarar, både samkjønna og tokjønna, kan byte namn på tilnærma like vilkår som gifte par.
Keywords