Teologisk Tidsskrift (Apr 2023)
Carl Schmitts framstilling av Erik Peterson i Politische Theologie II
Abstract
Artikkelen tek utgangspunkt i Schmitts bruk av ironi i Politische Theologie II og viser korleis han brukar dette for å framstilla og kritisera Erik Petersons tese om at den politiske teologien – i alle fall i Carl Schmitts versjon – var umogleg. Eg drøftar svake og sterke sider ved denne kritikken, særskilt vert Schmitts kritikk av Petersons bruk av historia vurdert som treffande. Eit svakt punkt hjå Schmitt er at han unnlèt å kommentera oppfatninga av martyriet hjå Peterson. Det var ei hovudoppgåve for kyrkja si offentlege framferd hjå Peterson.
Keywords