Uniped (Mar 2022)

Studentinvolvering i forsking<subtitle>Sjukepleiarstudentar sine erfaringar med å delta i gjennomføringa av eit forskingsprosjekt</subtitle>

  • Sissel Hjelle Øygard,
  • Hanne Marie Heggdal,
  • Irene Aasen Andersen,
  • Siri Ytrehus

DOI
https://doi.org/10.18261/uniped.45.1.3
Journal volume & issue
Vol. 45, no. 1
pp. 16 – 26

Abstract

Read online

Sjukepleiarar sine kunnskapar om forsking er framheva som viktig for å sikre god kvalitet på helsetenester. For å bidra til auka forståing og interesse for forsking er det eit uttalt utdanningspolitisk mål at sjukepleiarstudentar skal få høve til å delta som aktive aktørar i forsking i løpet av bachelorutdanninga.Seks sjukepleiarstudentar har deltatt i eit pilotprosjekt, og studien baserer seg på kvalitative intervju med desse. Pilotprosjektet innebar å endre rammene for bacheloroppgåva for å gjere det mogleg å gjennomføre oppgåva som eit forskingsprosjekt. Studentane deltok i forskingsprosjekt drive av dei tilsette og skreiv bacheloroppgåva si i tilknyting til prosjekta. Studentane er intervjua om erfaringane sine med deltaking i pilotprosjektet.Resultata syner at studentane hadde lite kunnskap om forsking frå tidlegare i utdanninga, og at dei syntest den generelle forskingsopplæringa ikkje førebudde dei godt nok til å deltaka i eit forskingsprosjekt. Studien viser at studentane opplevde det å kunne delta i alle fasane av forskingsprosessen som positivt. Forskingsprosjekta sin relevans for pasientar og pårørande gav ein sterk motivasjon for å delta.Resultata tyder på at det er behov for vidare utvikling av forskingsopplæringa i bachelorutdanninga i sjukepleie.

Keywords