Norsk Antropologisk Tidsskrift (Dec 2023)
Sudanesiske meklarar (brokers) i Yiwu
Abstract
Sammendrag Denne artikkelen fokuserer på sudanesiske meklarar i Yiwu, ein by på kysten av Kina der handelsmennn frå Sudan kom for å handle billege kinesiske varer. Artikkelen nevner to grupper av sudanesarar, den eine som kjem på korte opphald og ei gruppe som har slått seg ned i byen. For desse siste så har dei etablert firma som yter service til den andre gruppa av handelsmenn. Så begge gruppene er meklarar, men er ulike ved at dei fastbuande inngår i Yiwu som etter kvart har vorte ein internasjonal multikulturell storby. Drøftinga tek så føre seg økonomiske prosessar i meklarrollen, men er særleg oppteken av korleis dei sudanesiske muslimane inngår i eit breidare felt av relasjonar, til styresmaktene i byen, til dei kinesiske gruppene som får arbeid i bedriftene deira, til dei kinesiske handelsmennene som sel varer, og til dei andre arabiske og muslimske gruppene som også er der, og som driv same typen aktivitetar som sudanesarane. Til saman framstår dette som komplekse dynamikkar der artikkelen peiker på omgrepet «assemblage» som eit nyttig utgangspunkt for å bringe desse empiriske prosessane saman i eit konseptuelt fokus som kombinerer Barth sin tidlege bruk av meklaromgrepet i entreprenørsamanhangar og nyare teoretiseringar omkring assamblages som dynamiske prosessar, «always in the making».
Keywords