Acta Didactica Norden (Nov 2024)

Tekstmarkering, kommentarar og metaspråk

  • Tor Arne Haugen,
  • Hjalmar Eiksund ,
  • Kristin Kibsgaard Sjøhelle

DOI
https://doi.org/10.5617/adno.10881
Journal volume & issue
Vol. 18, no. 2

Abstract

Read online

Kva for kommentarar gjev elevar på vg2 på tekstane til kvarandre, kva tekstaspekt blir vektlagde og kva metaspråk blir nytta? Og kva kan dette seie oss om tekstvurderingskompetansen til elevane? Artikkelen presenterer ein studie av førsteutkast til fagartiklar i to klasser på vg2, der elevane gjev kvarandre respons i form av markeringar og kommentarar. Tekstane er del av eit tekstbyteprosjekt mellom to ulike klasser frå ulike delar av landet, der elevane gjev anonym respons til elevane i den andre klassa. I tillegg til ei klassifisering av kommentarane med omsyn til tekstaspekt og funksjonane til kommentarane, blir det sett nærare på det konkrete metaspråket elevane nyttar. Analysen viser at elevane har ein god balanse mellom form og innhald og mellom mikro- og makronivå i sine tekstkommentarar. Samstundes er både rosande og direktive kommentarar i stor grad generelle, noko som kan gjere dei mindre eigna som grunnlag for revisjon. Alt i alt verkar elevane å ha sterkare og meir eksplisitt kompetanse i overordna innhalds- og tekstorganiseringsaspekt ved tekstane enn dei har i formaspekt og språksystemiske aspekt, og det er knytt til den overordna organiseringa av tekstane dei i størst grad viser eit utbygt metaspråk.

Keywords