Nordic Journal of Art and Research (Dec 2024)
Med blikk på staden gjennom grafikk på tørkesnor
Abstract
Prosjektet «mellom» er eit kollektivt skapande prosjekt, som enda opp som grafikk på tørkesnor, som del av sideprogrammet under Haugesund Internasjonale Tresnitt (HIT-) og AVTRYKK-festivalen våren 2019. Gjennom ei a/r/tografisk tilnærming med walking som metode, utforska me korleis ei felles byvandring med kamera som skisseverktøy, gav impuls til ein skapande prosess i verkstaden. Me utforska tresnitt som teknikk i relasjon til stad, historie, spor og tekstur. Fem kunst- og handverkslærarar frå ungdomsskulane i Haugesund deltok som medskaparar. Resultatet vart ein stadspesifikk grafikkinstallasjon i ein privat bakgard i Haugesund. Stadvalet Haugesund sentrum, som motiv og utstillingsstad, vart avgjerande for alle prosesselementa i prosjektet. I dette essayet ønsker me å undersøke stadomgrepet og reflektere over korleis den estetisk tilnærming opna blikket vårt for kvalitetar ved staden. Foto: Katrine Borgenvik og Charlotte Tvedte
Keywords